Musikaren frå Osterøy fekk inspirasjonen til å skriva eit dikt om demens etter ein prat med bestemora, som bur på ein sjukeheim og som nyleg har fått diagnosen.

Etter å ha skrive diktet la han det ut på artistsida si på facebook for nokre veker sidan, og det gjekk ikkje lang tid før folk hadde byrja å dela diktet. I skrivande stund er diktet snart delt 1800 gonger og har dukka opp i nyheitsstraumen på facebook til over 250.000 personar. Også til folk i Sverige og Danmark.

Her er diktet om å vera dement:

– Hadde du rekna med å nå så mange då du skreiv diktet?

– Nei, dette er rett og slett ein fantastisk respons. Då eg la det ut hadde eg ikkje andre forventningar enn eg er van med, altså ei handfull «likes» og eit par kommentarar. Eg veit jo at dette er eit tema som angår svært mange, men at diktet skulle treffa den rette nerva hos så mange kan eg trygt seia eg vart overraska over, seier Hjelmbrekke.

Gløymer

– Det er gjerne slik at dei byrjar å rota litt, og gløyma ganske mykje. Dette er jo også ein prosess som kan gå over noko tid. Men det var etter ein prat med bestemora mi på telefonen at eg sette meg ned og fekk nokre tankar om korleis det kan vera å ha demens.

– Korleis har bestemora mi det no? For oss som kjem på besøk til ein med demens kan det nok vera ganske ubehageleg å sjå utviklinga frå dag til dag. Men korleis opplever dei med denne sjukdommen dette? Skjønar dei sjølve kva veg det ber, seier Hjelmbrekke.

– Du har fått mange positive tilbakemeldingar på facebook, men er det nokon som har tatt direkte kontakt med deg etter å ha lese diktet?

– Ja, somme har tatt direkte kontakt. Ei kvinne ville printa det ut og ramma det inn, og det sette eg stor pris på å få høyra. Ei kvinne frå Danmark sa ho skreiv om demens, og ville oversetja diktet til dansk og bruka det.

MYKJE DELT: Steinar Hjelmbrekke er musikar, men har no skrive eit dikt som har treft ei nerve hos svært mange. Dette biletet er frå releasekonserten i Fana kulturhus i 2015. Foto: Jarle H. Moe

– Og det er heilt greitt for deg at dei som ønskjer å bruka diktet i uliker samanhengar, kan gjera det utan avtale med deg?

– Ja, eg tykkjer berre det er strålande at folk ønskjer å bruka diktet, men eg stor pris på det dersom eg får ei tilbakemelding om korleis dei vil bruka det. Premissen er at dei må få namnet mitt med, og dei som ønskjer å bruka det i kommersielle samanhengar må ta kontakt med meg for ein avtale før dei bruker det.

Kanskje melodi

– Du er musikar. Er det freistande å setja melodi til diktet?

– Eg har vore inne på tanken, men det er ikkje eit dikt det blir enkelt å setja melodi til. Eg må finna ein melodi som passar til forma diktet er i, eller gjer eg det ikkje. Men eg vil gjera eit forsøk, smiler Hjelmbrekke.