Savannah Hereid og Vetle Bernes Vedå (begge seks år) har gledd seg lenge til å byrje på skulen. – Eg stod opp tidleg, ja, så tidleg at eg ikkje fekk opp skuledøra i dag tidleg, seier den ferske eleven. Alle foto: Anders Totland.

Savannah (6): – Eg var så spent at eg kom til stengde dører i dag tidleg

Med dinosaurpenal, rosa drikkeflasker og fargerike skolesekkar var det ein gjeng superspente og smånervøse førsteklassingar på Lonevåg skule som gauv laus på utdanningslivet.