Vidar Skeie, prosjektleiar for Vossaløysinga AS:

– Det er klart at her er det gjort nokre grep for å prøve å sukre pillen. Til sjuande og sist er det vedtaket i Stortinget som gjeld og det er no spelet byrjar. Dette er politikk på høgt nivå, fortel Vidar Skeie.

Vidar Skeie, prosjektleiar for Vossaløysinga. Foto: Mads René Trellevik

Han viser til at mykje har skjedd sidan Erna Solberg presenterte ein del av innhaldet i NTP på Arna stasjon i slutten av februar.

– Eg trur det er spesielt tre personar som kjem til å spele ei avgjerande rolle framover: Erna Solberg (H), Terje Breivik (V) og Knut Arild Hareide (KrF). Venstre og KrF Har jo sagt at ein ikkje er ferdig med å forhandle, seier han.

Hans Erik Ringkjøb (Ap), styreleiar i Forum Nye Bergensbanen og ordførar i Voss:

– Me hadde forventa oppstart for Arna-Voss i 2021 og Ringeriksbanen i 2019, slik regjeringa og støttepartia hadde lova, seier Ringkjøb i ei pressemelding.

Has Erik Ringkjøb (Ap), ordførar i Voss og styreleiar i Forum Nye Bergensbanen. Foto: Mads René Trellevik

No set han si lit til at Stortinget ryddar opp og leverer på det regjeringa hadde lova. Han trekk og fram at det har vore ulike forklaringar på kvifor utsetjinga kom.

Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen:

– Då NTP endeleg kom, fekk eg stadfesta mistanken min, fortel Myksvoll i ei pressemelding frå Forum Nye Bergensbanen.

Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen Foto: Tore Saetre/ Privat

Han meiner at ramma har blitt skeiv og at jernbana har tapt store midlar på det.

– Samanliknar me investeringar i veg og bane i grunnlagsdokumentet og i sjølve stortingsmeldinga, finn me store forskjellar mellom dei ulike periodane. To milliardar kroner er vekke frå kvart av dei seks første åra i NTP. Desse pengane er flytta til den siste seksårsperioden, som er klart mindre forpliktande.

Geir Dale, Ap:

– Det burde absolutt vore mogleg å prioritere dette prosjektet, som handlar om liv og helse, langt raskare enn det dei gjer. Igjen ser me at det er områda rundt Oslo som blir sterkt prioritert, seier Ap-politikaren frå Arna.

Geir Dale, Ap. Foto: Lars Sveinung Lid

Dale lovar at han vil jobbe for å få snu saka.

– Men slik som det ligg an no, så ser det ut til at regjeringa har sikra seg eit fleirtal med to støtteparti. Jobben med å få endra prioriteringane er nok tøffare enn det ville vore om ikkje støttepartia har gått inn for dette. Samtidig ser vi også at representantar frå både Venstre og Kristeleg folkeparti som seier dei vil jobbe for ein hurtigare oppstart.

Laila Himle, aksjonsgruppa:

– Om eg må velje mellom nøgd eller misnøgd, så er eg vel misnøgd. Men dei viser ein vilje og eg tenkjer at den viljen forventar eg skal halde fram, seier Himle.

Laila Himle (t.v) i aksjonsgruppa Foto: PRIVAT

Sidan det ikkje var stort fokus på pengebruken i K5 under presentasjonen av NTP, trur ho at det ikkje er pengane det står på.

– Og då er det etatane som får skulda. Då må etatane anten bevise at dei har skulda og er for treige, eller så må dei stå fram og vere tydeleg på at dei er i rute.

Aksjonsgruppa vil halde fram med arbeidet for å få tidlegare oppstart på K5.

– Vi kjem ikkje til å dempe oss, snarare tvert imot. Det blir ein ny aksjon på Voss etter påske, og no treng me folket. No må dei vise at dei støttar saka og at me må få ny veg og bane så fort som mogleg.

Eirik Haga (Ap), ordførar i Vaksdal kommune:

– Framleis like skuffa. Andre periode er ikkje godt nok, fastslår Haga.

Vaksdal-ordførar Eirik Haga (Ap) Foto: Eirik Langeland Fjeld

I likskap med Skeie meiner Haga at antydingar om mogleg tidlegare oppstart er gjort for å sukra pilla.

– Eg trur ikkje regjeringa, Venstre eller KrF har tatt innover seg kor djupt skuffelsen er blant borgarlege politikarar og veljarar, ikkje berre aust for Ulriken, men i heile Bergen.

Han meiner regjeringa sjølv har skapt forventingane.

– Dei har preika om handlekraft, men løyser ikkje dei viktigaste oppgåvene, som må vera å sikre liv og helse, seier han til Bygdanytt.

Magne Rommetveit, stortingspolitikar for Ap:

For Rommetveit var innhaldet i NTP-meldinga som forventa, ut frå det som blei presentert på Arna stasjon i slutten av februar.

Stortingspolitikar Magne Rommetveit (Ap), her frå spørjetimen med Erna Solberg. Foto: PRIVAT

– Då eg hadde spørjetimespørsmål til Erna Solberg om dette, sa ho at ho skulle forhandla med KrF og Venstre. Eg er skuffa over at dei ikkje då gjorde dette umiddelbart, og at dei ikkje la fram korrigert og framskunda oppstart ved framlegging av NTP i dag, seier han.

Stortingspolitikaren trur at det no blir forhandlingar og tautrekking i Stortinget for å få til tidlegare oppstart av Arna-Stanghelle.

– Då er utfallet uvisst, seier han til Bygdanytt.

Terje Breivik, stortingspolitikar for Venstre:

Breivik lovar å gjere eit ihuga forsøk på å få eit sluttresultat som er betre for E16 og Vossabanen enn kva som blei presentert i NTP onsdag.

Terje Breivik (V), stortingspolitikar. Foto: Mads René Trellevik

Det er jo betre enn det som blei lagt fram i februar, men eg meiner det er vanskeleg å finne andre vegprosjekt som reint fagleg sett hastar meir å få gjort noko med. Det er stamvegen mellom Noreg sine to største byar, og ein veg alle aust-vest-samband lener seg på. Så er det kvardagsvegen til ganske mange, seier han.

Venstre-politikaren peikar også på at vegen er utsett for ras og stengingar, og har dårlege alternative køyreruter.

– Så har ein sjølvsagt tryggleiksaspektet.

Audun Lysbakken, leiar for SV:

– Hordaland er gløymd i regjeringa sitt forslag til NTP. Det er utruleg at ein statsminister frå Bergen nedprioriterer sitt eige fylke på denne måten, seier Lysbakken i ei pressemelding.

Han meiner det mest alvorlege er nedprioriteringa av Bergensbanen og av trygg og ras-sikker E16.

Audun Lysbakken, leiar for SV.

– Regjeringa har gjort ein pinleg retrett i desse sakene, og det er no openbart at det har skjedd ei politisk nedprioritering av både Arna-Stanghelle og Riksbanen, seier han.