• Oppdatering: Seint fredag kveld fekk eigaren datamaskina tilbake att.

Det var onsdag ettermiddag at ei datamaskin blei stolen frå ein bil.

Ifølgje eigaren kan det ha skjedd på Lone i tidsrommet 17.15-19.00 eller Indre Arna mellom 19.00-1940 onsdag ettermiddag.

– PC-en er gamal og har ingen verdi, men det ligg masse familiebilete på den som vi gjerne ønskjer tilbake, seier mannen.

Tjuveriet er meld til politiet. Bergen nord politistasjon kunne ikkje uttale seg til Bygdanytt torsdag.