Torsdag kveld ved 19.40-tida køyrde ein mannleg MC-førar av vegen på Hosanger på Osterøy. Føraren var medviten.

Operasjonsleiar Jan-Tore Heggholmen opplyser til Bygdanytt at mannen, som er frå Bergen, mista kontrollen over motorsykkelen i ein krapp sving ved Skålvika.

– Mannen blei køyrt bort i ambulanse, og det er mistanke om at han fekk hjernerysting. Han klagar også over å ha vondt i nakken. Han var i eit følgje på 80 motorsyklistar, men det er for tidleg å seia noko om kvifor ulukka skjedde, opplyser Heggholmen.