Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for Vestlandet tysdag. Det er venta kraftige vindkast som følgje av eit lågtrykk som gjev søraustleg vind.

– Det vert ganske kraftige vindkast. I indre strøk kan det bli sterk kuling og liten storm, men ein vil absolutt merke vinden alle stadar, seier Mette Skjerdal, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt til avisa.

I kombinasjon med snø vil det føra til vanskelege kjøreforhald fleire stadar.

– Skal ein over fjellet bør ein vera ute i god tid. Det kjem til å bli ein krevande dag spesielt for dei som skal ferdast høgt, seier Skjerdal.

Vindkasta er venta å koma opp mellom 27 og 30 meter i sekundet, som gjev eit farevarsel på gult nivå.

Det vil blåsa opp på formiddagen, og vinden vil auka på utover dagen.

– Det ser ut til at det vert aller kraftigast tidleg tysdag ettermiddag.

Meteorologen ber folk sikre lause gjenstandar som kan blåsa avgarde. Dei som skal ut og på vegen bør førebu seg på at ferjer og båtavgangar kan bli kansellerte, og på kolonnekøyring, stengte vegar og lenger reisetid.