Bergen kommune presenterte tysdag ei fersk oversikt over både vasskvaliteten og -temperaturen. Den viser at ingen andre bydelar kan skilta med eit høgare snitt på vasstemperaturen på badeplassane enn Arna.

Det stoppar ikkje der. Haukelandsvatnet toppar lista saman med Tennebekktjørna i Laksevåg, begge rundt 20 gradar, og Knappatjørn i Fyllingsdalen, som har passert 22 gradar.

Høge temperaturar

I Arna har no badeplassen på Garnes over 18 gradar, medan Holmen har like under 18 gradar. Den siste offisielle badeplassen i bydelen, Kalvtrevika, hadde like under 17 gradar.

Haukelandsvatnet er ikkje ein offentleg badeplass, så den blir målt sjeldnare enn kvar veke.

Det er ikkje berre temperaturane i vatnet som har auka. Det har også blitt fleire av dei termostabile koliforme bakteriene (TKB). På Garnes og Haukeland er nivåa så låge at flagga er grøne, noko som tyder godt eigna badevatn.

Nær grensa

På Holmen ligg no TBK-nivået no like over grensa for at kommunen kunne gje det eit grønt flagg. Dermed blei det eit gult flagg, noko som tyder mindre eigna badevatn.

Kalvtrevika har 1000 TKB per 100 ml, og grensa for kva tid helsestyresmaktene frårår bading går ved 1000.

Det finst ikkje offisielle målingar frå badeplassane på Osterøy, men Bygdanytt har snakket med fleire som fortel om god badetemperatur.