Vegtrafikksentralen varsla like før kl. 12 laurdag at Arnanipatunnelen er stengt etter melding om at stein eller isklumpar har falt frå tunelltaket.

Vegen var stengt ein times tid til dess entreprenørar fekk sjekka tunellen. Vegen blei opna att kl. 12.54

Trafikkoperatør Kjetil Larsen seier til Bygdanytt at det vart funne ein gjenstand i vegbana, men at den truleg hadde falt av eit køyretøy.

Larsen kjenner ikkje til kva gjenstand det skal vera snakk om.

Det danna seg ein del køar på omkøyringsvegen om Garnes i tida E16 var stengt.

Øverst kan du sjå eit live trafikkart som viser om det dannar seg køar i Arna.