Lonevågstunnelen på Osterøy vart stengt onsdag formiddag etter at det kom melding om nedfall frå tunneltaket. Politiet fekk beskjed kl. 10.51.

– Ein person møtte på lensmannskontoret på Osterøy. Hadde køyrt gjennom tunnelen og opplevde at ein stein falt frå tunneltaket og trefte bilens frontrute, opplyste dei klokka 11.20.

Ingen kom til skade. Vegvesenet stengde tunnelen og sende ut entreprenør for å undersøke.

– Bilisten har fått ein stein i ruta, men det er ikkje snakk om store steinen. Det er snakk om ei «rose» (ruteskade som liknar ei rose). Vegtrafikksentralen blei varsla og fekk stengt tunnelen, sa Ole Kristoffer Tveiten i Osterøy-politiet klokka 11.30.

Klokka 12.38 vart det meldt at tunnelen var open igjen.