No arbeidar Statens vegvesen i samråd med Fylkesmannen sin miljøvernavdeling med å få kartlagt kva skadeverknad dette kan ha, og kva strakstiltak som må setjast i verk, skriv dei i ei pressemelding.

Lokalavisa Vaksdalsposten har over tid skrive ei rekke artiklar om lekkasjen, som har ført til stor frustrasjon lokalt.

– Vi utførte desse grunnboringane for to år sidan, og vi har brukt store ressursar for å få stoppa lekkasjen frå borehola. Det er eit særs utfordrande og komplisert arbeid, og vi har framleis ikkje lukkast med å få stoppa lekkasjane. Det er eit stort vatntrykk i grunnen og vi må finne dei rette tiltaka for å klare og «plugge» lekkasjen. I den siste tida har ein sett ein auke av utvasking som vi meiner har å gjere med stor snøsmelting i fjellet, seier geoteknikar Andreas G. Roald i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

No skal dei få vurdert om leirpartiklane kan ha ein skadeverknad i Dalevågen. Det kan bli aktuelt med strakstiltak samtidig som det blir jobba med å finne ei permanent løysing for å stanse lekkasjen.

– Vi har med oss gode fagpersonar frå eigen organisasjon i tillegg til eksterne rådgjevarar som skal hjelpe oss med å finne  løysingar som kan stå over tid, fortel Roald i pressemeldinga.