– I morgon startar det med litt lettskya vêr, men så slår føneffekten inn over Vestlandet. Det blir sommerlege temperaturar på ettermiddagen måndag, fortel statsmeteorolog Siri Wiberg.

Ho fortel at temperaturane vil bikka 20 varmegrader fleire stadar på Vestlandet måndag.

– Det blir nesten litt spennande å sjå kor mykje over 20 grader det kjem til å bli, seier ho spent.

Det strålande vêret vil fortsetja og nå ein topp på tysdagen.

– Det blir den varmaste dagen, slår Wiberg fast.

Så kjem nedbøret

Frå torsdag vil det derimot snu og det kan vera ein må finna fram paraplyen.

– Det blir altså nokre fine sommardagar i byrjinga av veka, men det ser ut til at det kanskje blir nedbør frå torsdag av.

Då vil òg temperaturane krype ned til rundt 15 grader.

Denne påska har gras- og lyngbrannfaren vore stor, og det har vorte meldt om fleire brannar i fylket. Mellom anna rykte brannvesenet ut til ein grasbrann på Osterøy og ein brann på Øyrane torg.

Søndag ligg farenivået for skogbrann på Vestlandet på gult nivå, altså moderat fare.