Brannvesenet i Hordaland melde like før kl. 18 om ei trafikkulykke på E16 i Ytre Arna.

Naudetatar var raskt på staden.

Ifølgje politiet var det ei ulykke mellom ein bil og ein lastebil. Det vart ikkje meld om personskade.

Statens vegvesen kunne meddele klokka 18:35 at E16 er opna igjen for ferdsel etter oppryddinga.