Skogbrannfaren er allereie stor mange stader, og no er det venta at den skal bli endå større.

Årsaka er mykje sol, varme dagar og ingen nedbør. Det er i alle fall prognosane til Meteorologisk institutt.

– Pass på grillen

På Yr er det send ut obs-varsel for Vestlandet sør for Stad, melder NTB. For alle områda gjeld oppmodinga om at folk må vere forsiktige ved bruk av eld.

Foto: NTB

– Spesielt no som det er så fint og varmt. Vi har hatt ein del eingongsgrillar som har stått igjen ute og tatt fyr i terrenget. Så ver forsiktige, seier Ole Jacob Hartviksen i 110-sentralen og legg til:

– Og ikkje hiv frå deg sneipar og den slags.

Eingongsgrill er verstingen

Hartvigsen oppmodar folk til å elles sette seg inn i dei reglane som gjeld for kommunen.

– Du finn reglane på heimesida til kommunen din og hos brannvesenet, seier han.

Også utrykkingsleiar Jørn Torp i Osterøy brann og redning ber folk om å vere forsiktige.

– Ikkje ta med eingongsgrill ut i naturen, i alle fall ikkje i fjellet. Det er verstingen, seier han og oppmodar heller folk om å velje egna stader for grilling.

Og særleg ein ting må ein hugse på:

– Ha med deg vatn og ver sikker på at grillen er slokna før du drar frå staden.