Fredag var det heitt i Arna og på Osterøy. I Hordaland blei det sett ny rekord for juli, då det ved Etne blei målt 34,4 grader fredag.

Også laurdag kjem ein til å få kjenne på varmen.

Les også: Stor biletserie frå badeplassane i Arna og på Osterøy

Ny rekord?

– Det har allereie vore 30,4 grader i Bergen i dag, men temperaturen har gått litt ned att no, seier meteorolog Mette Skjerdal til Bygdanytt klokka 11.30.

– Kan det bli ny varmerekord i dag?

– Nei, det trur eg ikkje. Prognosane er litt lågare i dag, men det blir sjølvsagt varmt i heile fylket og mykje høge temperaturar, svarar ho.

– Kor lenge kjem dette vêret til å halde fram då?

– Allereie i kveld kjem det ein kald front, som gjer at temperaturane vil bli lågare søndag. Dei varmaste dagane var nok fredag og i dag, seier Skjerdal og legg til at vi kan truleg få mellom 20 til 23 grader søndag.

– Det er jo sjølvsagt varmt det også, men vi har vel blitt litt godt vane med det varme vêret no som vi har no, ler ho.

Snart kjem regnet

Osterøy blussa skogbrannen på Reigstadfjellet opp att fredag. No kan meteorologen fortelje at det er venta regn dei neste dagane.

– Ja, det kjem litt regn natt til søndag og mest sannsynlegvis ut i veka, både måndag og tysdag. Det trur eg det er fleire som vil setje pris på.

– Er det nok regn til at skogbrannfaren vil minka?

– Ja, eg trur det. Vi har skogbrannvarsel ute i dag, og så vil vi ta ei ny vurdering i morgon når vi veit kor mykje nedbør som har kome.

Slik blir vêret neste veke

Ifølgje meteorologen kan vi ikkje forvente å få liknande dagar med over 30 grader neste veke.

– Nei, det blir nok lågare temperaturar, men framleis vil mange av dagane neste veke ha over 20 grader i maks-temperatur.

Neste veke vil truleg vere prega av meir skyar, og få dagar med strålande solskinn frå start til slutt.

– Så blir det periodar med nedbør, men ikkje så mykje. Tysdag ser ut til å bli den gråaste dagen, seier Skjerdal.

– Så det gjeld å nyte helga?

-Ja, nyt det fine vêret medan det framleis er her! Men pass på å drikk mykje vatn og smør deg med solkrem. Midt på dagen laurdag kan det nok vere lurt å ta ei lita pause frå sola, er rådet frå meteorologen.