Foto: Privat
Foto: Privat

Kjersti Vevatne (V) og Berit Moslett Borge (H) reagerte begge då dei såg integreringsbustadene som er under oppføring på Reigstad på Osterøy.

– Det ser ut som eit lagerbygg. Meininga mi er at vi kan ikkje busetja korkje flyktningar eller andre folk der slik det står, det er heilt uverdig, seier Borge til Bygdanytt.

– Utan dagslys

Bygget, som skal innehalda seks hyblar, er plassert slik at det eine vindauget i kvar hybel vender mot fjellveggen.

– Vi skal ta i mot fleire flyktningar som kjem hit med traume, for så å plassera dei i ein bustad utan dagslys, seier Borge frustrert.

Ho har sett nærare på bygget og fortel at det er veldig trongt mellom bustadene og fjellveggen.

– Det er ein halv meter inn til ein høg fjellvegg.

– Det ser ut som eit lagerbygg, seier Berit Moslett Borge (H) om bustadene på Reigstad. Foto: Odd Mehus

– Ganske trist

Vevatne er samd i at bustadene ikkje er eigna til å busetja flyktningar i.

– Det var innbyggjarar som først reagerte og lurte på om det er boder eller garasjar. Så fann vi ut at det var integreringbustader, og det er ganske trist, seier ho.

Vevatne og Borge tok opp saka i formannskapet onsdag. Der svarte rådmannen at bygget var tiltenkt ei anna tomt, men grunntilhøva gjorde at det ikkje kunne setjast opp der.

– Det er bra at administrasjonen tenker alternativ plassering når ting ikkje går etter planen, men det ser ut til at ein rett og slett ikkje har hatt hovudet heilt med seg når ein har valt plassen der dette bygget skal stå, seier Vevatne.

Venstre-politikar Kjersti Vevatne meiner kommunen må heva kvaliteten på hyblane. Foto: Mads René Trellevik

Ho håper kommunen no kan heva kvaliteten for dei som skal bu der.

– Det er eit minstekrav til utsikt og dagslys, og vi lurar på om bygget stettar desse krava. Eg synest ikkje det kan vera slik som det er i dag, fleire andre parti i formannskapet sa òg at dette ikkje går an.

Kan ikkje snu bygget: - For trongt

Osterøy-rådmann Ingvild Hjelmtveit fortel at det er ei årsak til at bustadene vart plasserte med vindauga mot fjellveggen.

– Vi kunne ikkje plassera dørene mot fjellveggen, det var ikkje eit alternativ fordi tomta er såpass trong og lita.

Ho slår fast at det vil gjerast tiltak med fasaden før nokon flyttar inn.

– Glasdører er eit døme. Hyblane er i utgangspunktet berre eit stort rom, og difor kan vi ikkje leggja til fleire vindauge, seier rådmannen.

Borge meiner løysinga med glasdører ikkje er god nok.

– Det er ikkje nok lys frå ei glasdør. Dei må finna ut om det er mogleg å snu bygget, seier Høyre-politikaren.

Rådmann Ingvild Hjelmtveit fortel at dei skal gjera tiltak før flyktningar tar i bruk bustadene. Foto: Mads René Trellevik