I helgen hoppa ostringar og arnabuare ut i vatnet fordi det var for varmt til å vera på land. Denne veka trengst ikkje badebukse for nedkjøling. Tysdag er det venta store mengder regn.

– Det blir ein grå og våt dag i morgon, med spesielt kraftig nedbør på ettermiddagen, seier meteorolog Mette Skjerdal til Bygdanytt måndag.

Varmaste og våtaste dagen

Ho fortel at det kan ventast rundt 40 millimeter regn berre på seks timar. Ifølgje Storm Geo kan det koma så mye som 80 millimeter nedbør i løpet av tolv timar tysdag.

– Det som er spesielt er at nedbøren kjem over ganske kort tid. Vi fekk litt nedbør tidleg i førre veke og litt no i helgen, men det er lenge sidan vi har hatt så mykje nedbør som dette. Det vil regna stort sett heile dagen i morgon, seier Skjerdal, som nemner at det blir verst på ettermiddagen.

Derimot melder meteorologen at resten av veka vil bli tørr i Arna og på Osterøy.

– Det vil vera tørt vidare utover i veka. Dei høgaste temperaturane blir over 20 gradar tysdag, men temperaturane vil gradvis gå ned heile veka.

Faren for skogbrann har minka etter regnbygene natt til sundag, og varsla er fjerna frå Yr si nettside.