Foto: Anders Totland
Raset gjekk rett gjennom deler av bustadhuset på Votlo. Foto: Anders Totland
Slik ser det ut på framsida av huset etter raset. Foto: Anders Totland
Dei 31 evakuerte frå Votlo kom til Haus skule ved 9.20-tida. Foto: Anders Totland
Vegen til Votlo er sperra grunna raset. Foto: Lars Sveinung Lid
Raset er om lag 25 meter langt og sju meter breidt. Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix
Innsatsleiar Dag Olav Sætre seier situasjonen var uoversiktleg torsdag. Foto: Anders Totland

Det var Kristine Anette Andersen (38) som omkom i raset torsdag morgon på Votlo.

Offentleggjering av namn og bilete er i samråd med avdøde sin familie.

18 bustadar evakuert

Det var torsdag morgon at eit jordras trefte deler av eit bustadhus på Votlo ved Haus, og folk i 18 bustader blei evakuerte.

35 personar blei ivaretatt på evakueringssenter på Haus skule.

Kristine Anette Andersen (38) mista livet. Namn og bilete er offentleggjort i samråd med familien. Foto: Vest politidistrikt

Les meir om saka:

Oppretta pårørandesenter

Kvinna i 30-åra som blei meldt skada torsdag døydde seinare av skadane.

Politiet opplyser at det tok tid å få varsla alle dei nærmaste pårørande. Dei pårørande blir ivaretatt av personell på eiga pårørandesenter.

Raset var om lag 25 meter langt og sju meter breidt. Politiet opplyser at det var masser bak huset som løsna.

Mange brannfolk

Brannvesenet sendte mannskap frå Osterøy brann-redning til staden då meldinga kom, samt ei klatregruppe og tungberging frå Fana og Åsane.

Også mannskap også frå Arna brannstasjon deltok i arbeidet.