Torsdag var det strålande solskin og varme dagar i Arna og på Osterøy. Det er ikkje beskrivinga meteorologen brukar når han fortel om vêret vi har i vente.

– Nei, det blir mykje regn, stadfestar Martin Granerød, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Gult farenivå

Fredag blir det ikkje så verst, seier han. Vi kan rekna med greie temperaturar og skyar.

– Men frå fredag kveld kjem det nedbør, og det held på fram heilt til natt til måndag, fortel han.

Mykje regn gjer at farevarselet for flaum og jordskred ligg på gult nivå for Vestlandet i helga.

Gult nivå er det lågaste farenivået, og tilseier at det kan bli ein utfordrande situasjon som kan føre til skader lokalt, skriv NTB.

– Det kan kome mellom 70-100 mm nedbør på 24 timar, både laurdag og søndag. Så det blir to våte døgn, fortel Granerød.

Regn, regn og meir regn

Gradestokken kan vise 15 grader både laurdag og søndag, men søndag kveld byrjar det å bli kaldare.

– Neste veke vil vi gå tilbake til meir normale hausttemperaturar på om lag 10 grader på dagtid, seier han.

Neste veke ser ikkje lovande ut, skal vi tru prognosane til meteorologisk institutt. Lågtrykk vil prege vêret, og vi vil få lengre periodar med nedbør.

– Du har ikkje nokre gode nyheiter å kome med?

– Nei, det gjaldt å nyte vêret vi hadde på torsdag, avsluttar meteorologen.