Årets første hauststorm traff Arna og Osterøy med heftig styrke onsdag kveld, og framleis er mange tusen utan straum.

No varslar Meterologisk institutt om nye hauststormer som kommer vår veg.

Planlegg du hageparty på fredag, så påstår meterologen at du bør ha ein plan B.

– Eh, ja, det trur eg ein må, flirar vakthavande meterolog ved Meterologisk institutt, Lars Andreas Seberg.

Her er ekstremveret «Knud» som er venta vil treffe Vestlandet fredag. Foto: STORM

Ny runde fredag

Torsdag blir ganske så roleg vindmessig, men regnet vil bøtta ned.

Fredag tek hausten nok eit kraftig grep på oss, og lavtrykket frå vest gjer at fredagen bør ein halda seg innomhus.

– Vinden kjem frå nordlig retning først på dagen, medan den dreier til ein sørleg retning seinare på dagen. Lokalt blir det store mengdar med nedbør, fortel meterologen.

– Blir det av same styrke slik me hadde det på onsdag?

– Nei, farenivået er no senka til gult for sørlige delar av Hordaland, og det ser ut til Arna og Osterøy «slepp unna» med litt kraftig kuling. Vindfullt blir det uansett.

Osterøy har kriseplanen klar

Osterøy kommune har satt i gang sitt kriseteam for alle dei som er råka av hauststormen:

Dersom områda som er råka framleis er straumlause kl. 24.00 natt, vert skule og barnehagar halde stengt på Valestrand og Hauge fredag 21.09.18.

Ståa vedrørande helse og omsorg vert fortløpande vurdert.

Dei som er utan vatn, kan henta det på brannstasjonen i Vardalen på Valestrand (Vardalsvegen 15) frå kl. 16.00.

Vatn i enorme mengdar er vestlendingane blitt vande med å handtera. Til helgen får vi ein ny runde med kraftig nedbør. Foto:  Marit Hommedal / NTB scanpix

Sundag kjem smila attende

Laurdag blir prega av mykje vind og regn, men så kjem meterologen med ein oppfriskande nyhende.

– Sundag ser ut til å bli bra. Det er venta ein lettare vertype, og opphaldsver, kvitrar meterologen til Bygdanytt.

– Sol?

– Ja, ein skal ikkje sjå vekk i frå at me kan sjå litt av den fine sola, avsluttar han til Bygdanytt.