– Foreløpig har vi ikkje fått meldingar om tjuveri frå båtar, men det er klart at i den tida vi er i no så kjem båtane ut og det blir større aktivitet, seier Vidar Almberg ved Bergen nord politistasjon.

Går i bølgjer

Gjensidige skriv i ei pressemelding at dei kvart år får hundrevis av meldingar om mindre fritidsbåtar som er ribba for store verdiar.

– Vi ser at tjuveriraida går i bølgjer og at det ofte er organisert. Fleire motorar kan forsvinne frå ei hamn og nokre dagar skjer det same i nærliggjande båthamner, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Arne Voll i Gjensidige oppmodar båteigarar til å sikre motoren med hengelås. Foto: Gjensidige

Ifølgje Gjensidige har forsikringsselskapa fått meldingar om nærare 250 tjuveri av eller frå båtar i Hordaland i løpet av 2017. 25 prosent av desse er båtmotorar.

Bør følgje med

– Kva bør ein gjere for å unngå tjuveri frå båten sin?

– Det første er ettersyn. Det er utstyr i både naust og båt, så ein bør følgje med på verdiane sine, meiner Almberg.

Han oppmodar også folk til å varsle politiet om dei ser unormal aktivitet. Ifølgje Almberg er det mange tjuveri der tjuven kjem via sjøvegen.

– Særleg bensin er det mange som er interessert i, forklarar han.

Arne Voll oppmodar eigarane om å sikre båt og motor med vaier og hengelås. Han seier at ein også bør fjerne laus bensintank eller låse den inne.

– Båt og motor er ekstra tjuveriutsett når dei står på hengar. Då står den bokstaveleg talt klar for bortkøyring, forklarar han.