Onsdag vart dei godkjente opplagstala for norske aviser lagt fram.

Tala viser at Bygdanytt hadde eit opplag på 4.359 i fjor, noko som er 339 meir enn i 2016 . Det gjev ein auke på 8,4 prosent.

– Det som skjer no er heilt fantastisk, seier redaktør Eirik Langeland Fjeld.

– Ein stor takk

Viss ein samanliknar den prosentvise auken i alle avisene i landet, gir dette Bygdanytt ein 16. plass på lista.

– Eg vil rette ein stor takk til annonsørane, lesarane og alle som tipsar oss om stort og smått. Dei gjer det mogleg å lage ei god avis som stiller opp for bygdene, noko som igjen gjer avisa meir interessant for dei som har noko å selje, fortelje eller debattere. Vi er rett og slett inne i ein god spiral, smiler redaktøren.

Bygdanytt-redaktør Eirik Langeland Fjeld takkar for hjelpa. Foto: Mads René Trellevik

Bak talet som syner opplagsoppgang for Bygdanytt, ser vi at det er talet digitale abonnentar som syter for auken.

- Stadig flere har vorte viljuge til å betale ein låg sum kvar månad for å lese avisa og sjå lokale videoinnslag på mobil, datamaskin og brett. For berre nokre år sidan var det mest utenkjeleg at nokon skulle betale for å lese nyheiter på nett. Endringa er markant, og kan verte avgjerande for lokalavisa si framtid, seier Fjeld.

Han jublar over veksten, men samstundes er redaktøren tydeleg på at veksten forpliktar.

- Når lesarar og annonsørar vel å satse på oss, så har vi som jobbar i avisa ei plikt til å levere ei informativ, sakleg og underhaldande lokalavis av høg kvalitet.

– Mykje tyder på at vi er på rett veg, men vi skal vidare. Vi har mange planar for korleis avisa skal bli endå meir relevant for folk og verksemder i området vårt, seier Fjeld og legg til:

- Takk, Arna og Osterøy!

Mykje jubel i Presse-Noreg

Etter fleire år med kutt og fallande opplagstal, er det positivisme å spora i mange mediebedrifter.

Ifølgje bransjenettstaden Medier24 var det suksess med brukarbetaling på nett som gjorde at trenden snudde i 2016 . Oppturen heldt fram i fjor, og heile 105 norske aviser hadde vekst i berekna opplag.

Bygdanytt er med i AS Lokalavisene, der òg Strilen, Vestnytt og Askøyværingen er ein del. Samla sett går alle avisene i gruppa fram med 9,3 prosent.

– Dette er ei glede, seier ansvarleg redaktør Terje Olsen.