Søndag 29.april brann det i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum. I førre veke kritiserte brannsjef Leif Linde Bane Nors beredskapstiltak, og brannvesenet meiner 95 prosent av Ulrikstunnelen vil vere utan skikkelig beredskap.

Tror Bane Nor slakkar på krava

No tek òg Statens jernbanetilsyn til orde og er kritiske til beredskapsplanen, skriv NRK som først omtalte saka.

– Ut frå bekymringa frå brannvesenet, og dialogen me har med brann- og redningsetatane, kan det tyda på at Bane Nor slakkar på krava til tryggleiken i tunnelar, seier direktør Erik Reiersøl-Johnsen til NRK.

Han fortel at tilsynet har hatt dialog med Bane Nor rundt fleire tunnelanlegg, og tilsynet no vil ta opp konflikten i Bergen i eit møte med Bane Nor.

– Det er Bane Nor som har ansvaret for det dei bygger tilfredsstiller krava. Per i dag har me ikkje fått noko søknad, og har difor ikkje tatt stilling til om tiltaka tilfredsstiller krava, seier Reiersøl-Johnsen til NRK.

Direktøren seier tilsynet har hatt diskusjon om temaet fleire gonger, mellom anna om Follobanen.

– Urealistisk

Are Wendelborg Brandt, forskar på brannar i tunnelar, er òg kritisk til planane for Ulrikstunnelen.

– Å berre ha hydrantar på utsida av tunnelen føreset at ein må ha opptil 3,5 kilometer med slangeutlegg. Det er urealistisk, seier han til NRK.

Meiner brann er svært lite sannsynleg

Teknisk direktør i Bane Nor, Knut Darre Christiansen, meiner den nye Ulrikstunnelen i Bergen blir den tryggaste på det norske jernbanenettet når han står klar.

– Materiala som blir brukte blir utsett for veldig strenge og rigide testar. Det som består testane, har ein svært høg motstand mot brann. Det gjer at eit scenario med brann i tunnelen er svært, svært lite sannsynleg, seier Christiansen til NRK.

Søndag 29.april brann det i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum. Foto: Ronny Bertelsen

– Skal brenne ut av seg sjølv

Bane Nor meiner det ikkje er naudsynt å legge vatn gjennom tunnelen og forventar heller ikkje at brannvesenet skal gå inn i tunnelen for å sløkke ein omfattande brann i eit togsett.

Dei meiner det ikkje er naudsynt fordi dei har full oversikt over tog som køyrer i tunnelen, at risikoen for brann er svært låg og det er lagt opp til 16 rømmingstunnelar mellom dei to parallelle løpa.

Det skal brenne ut av seg sjølv, og då trengst ikkje sløkkevatn. Brannvassanlegg og vifter er kostbare tiltak for å fjerna ein veldig liten risiko, avsluttar Christiansen til NRK.