Sjå oversikt nede i saka!

Det nærmar seg stadig 9. september og kommunestyre- og fylkestingsval. Men for mange av oss blir det for lenge å vente. Nokon er på jobb eller ferie, andre kan ikkje ta seg fram til stemmelokalet, medan andre igjen berre vil få gjort sitt og la valkamp vere valkamp.

Under har vi laga ei oversikt over kor du kan avlegge di stemme før sjølve valdagen.

Og det er mange som vel å stemme før sjølve valdagen. Under valet for to år sidan var heile 46 prosent av stemmene i Bergen førehandsstemmer.

Førehandsstemme kor du vil

Du kan førehandsstemme i den kommunen du sjølv ønsker. Førehandsstemmer du i ein annan kommune enn den du er oppført med på valkortet/i folkeregisteret (pr. 30 juni), må du gjere det såpass tidleg at stemma di rekk å komme fram til heimkommunen din innan valdagen.

På valdagen kan ein berre stemme i den kommunen ein står valregistrert i (som det går fram av valkortet ditt).

Husk gyldig legitimasjon (bankkort, førarkort, pass eller liknande) og gjerne valkortet også!

Osterøy

Osterøy rådhus, Lonevåg

Måndag 12.08. – fredag 06.09 kl. 08 – 1530

Utvida opningstid:

Torsdag 5.09 kl. 8 – 18

Laurdag 31.08 kl. 10 – 14

Ambulerande stemmemottak

«Veljarar som grunna sjukdom, uførleik eller andre årsaker ikkje kan møta i eit røystelokale, kan søkja valstyret om å få røysta der dei oppheld seg. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. For å søkja kan du ringja Osterøy kommune, tlf. 56 19 21 00»

Heimerøysting (søkefrist onsdag 04.09.19)

Det vil òg verta høve til å førehandsrøysta i institusjonar, vidaregåande skule og ved omsorgs-/aldersbustader. Informasjon om dette vert kunngjort seinare, melder Osterøy kommune.

Arna/Bergen

Øyrane Torg

Veke 35:

Måndag - fredag kl. 12.00 - 18.00

Laurdag kl 10.00 - 16.00

Veke 36:

Måndag - torsdag kl 12.00 - 18.00

Fredag kl. 12.00 - 16.00.

Det vil også vere mogleg å avlegge stemme for alle og einkvar på stadar som Ikea, Haukeland sjukehus, Hovedbiblioteket og Innbyggerservice. Sjå full liste og opningstider her.

Om ein vil førehandsstemme heime kan ein søke Bergen kommune om det. Denne stemmeperioden vil vere frå måndag 26. august til fredag 6. september.