Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skal også denne sommaren på tur i bil og på skinner rundt i landet for sjølv å oppleva kvaliteten på infrastrukturen.

På rundreisa skal han prata både med dei som byggjer og dei som bruker.

I dagane 22. til 28. juni skal han innom åtte fylke, og onsdag kjem han til Bergen.

Om morgonen skal han til Møllendal for å sjå på nye former for bildeling som er under utprøving.

E16 og E39

Så legg han kursen austover, der han stoppar på Trengereid for å få informasjon om planlegginga av E16 Bergen-Voss. Resten av dagen er han på folkemøte på Fedje. Dagen etter står E39 på programmet, og han skal mellom anna sjå nærmare på utbyggingsprosjektet Svegatjørn-Rådal mellom Os og Bergen.

– Det er viktig for meg å vera ute der samferdsel faktisk skjer. Å sjå utbyggingsprosjekta med eigne auge og snakka med dei som utfører arbeidet, gjev meg verdifulle innspel som eg tar med meg vidare i arbeidet mitt frå kontoret, skriv Solvik-Olsen i ei pressemelding, og held fram:

– Det same gjeld erfaringa eg får ved å sjølv å køyra på veiene og oppleva togstrekningane som passasjer. Men, aller viktigast er det å snakka med folk og høyra om reisekvardagen deira. Ei veke på vegen og på togskinnene er difor gull verdt.