Reisetala for kollektivtrafikken i Hordaland har vist god vekst i fleire år, og tala for 2017 viser at veksten held fram.

Auka frå 2016 til 2017 var på fem prosent.

– Det er svært gledeleg å sjå ein slik vekst i talet på kollektivreisande. Eg er glad for å sjå at strategien vår fungerer. Mange fleire enn før nyttar kollektive tilbod i kvardagen, og dette er ei heilt naudsynt utvikling om vi skal nå måla om lågare biltrafikk og fleire som reiser kollektivt, syklar og går, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i ei pressemelding.

I 2016 var det 56,4 millionar kollektivreiser. I fjor låg hoppa talet opp til heile 70 millionar reiser.

Prosentvis gir det ei auke på 24 prosent, men kommunen forklarar at brorparten av endringane skuldast ein ny teljemetode, og at auka derfor “berre” er på om lag fem prosent.

Ifølgje Hestetun viser ei befolkningsundersøking at innbyggjarane i Bergen og Hordaland var meir nøgd med kollektivtilbodet i 2017 enn i 2016.

– Det er gledeleg at det ikkje berre er fleire som reiser kollektivt, men at dei som vel kollektive løysingar også er stadig meir nøgde, fortel ho.