Fleire hus blei evakuert då eit dødsskred ramma Votlo på Osterøy 7. desember i fjor.

Etter kvart fekk dei fleste evakuerte returnere til heimane sine, men eit mindre område blei framleis rekna som utrygt. Over fire veker etter raset har dei som bur i dei tre husa i det aktuelle området enno ikkje kunna flytta tilbake.

Ikkje trygt

Fredag opplyser Osterøy kommune at dei opprettheld tilrådinga «om å ikkje flytte inn i husa inntil reel fare er klårgjort og eventuelle sikringstiltak er utført.»

Ettersom faren for nye skred aukar ved langvarig og intens nedbør, blir bebuarane i det usikre området råda til å følge med på ekstremvarsel og informasjon frå NVE på Varsom.no. Ved gult nivå (faregrad 2) og høgare bør ein halde seg heilt unna området, oppfordrar kommunen.

Ifølge geologar som har vore på synfaring er det ingenting som tyder på akutt fare for nye jordskred utanfor det skredråka området.

Oversikt over det usikre området. Foto: Osterøy kommune

Moglege tiltak

Mykje arbeid er allereie gjort, men undersøkingane er ikkje avslutta.

Blant anna må ein rapport og eit skredfarekart bli ferdig før kommunen kan sei meir om tryggleiken knytt til husa som framleis er «frivilleg evakuert».

«Når skredfarerapporten, overvassvurderingane og dei geotekniske undersøkingane er ferdigstilt vil kommunen orientere om resultata og vurdere kva tiltak som bør utførast.», skriv kommunen.

Nokre av tiltaka er av ein slik karakter at enkelte grunneigarar må pårekne å utføre desse sjølv, men kommunen har ikkje oversikt enno.