Politiet fekk fredag ettermiddag kunnskap om ein mogleg trugsel om skuleskyting.

– Trugselen var eit bilde delt på Snapchat der ein person poserte med eit våpen og ein tekst som politiet oppfatta som ein trugsel om skuleskyting, skriv operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy, i ei pressemelding.

Politiet fekk vita kven som hadde sendt bilde. Same dag blei ein elev ein skule på Osterøy pågripen.

– Politiet ser alvorleg på saka. Me vil ikkje tolerera slike handlingar og alle slike trugslar vil bli etterforska, skriv Algrøy.

– Utruleg teit og dum spøk

Eleven har i avhøyr med politiet erkjent å ha sendt bilde til nokre av sine vener, men sa at dette var meint som ein spøk.

– På bilde såg dette ut som eit militært våpen, ein maskinpistol. Vi har vore heime hos vedkommande og tatt beslag i våpenet, som viste seg å vera ein softgun, seier politioverbetjent Håvard Skattum til Bygdanytt.

– Tankelaust

Politiet skriv at etterforskinga så langt har ikkje avdekka anna enn at dette er tankelaus kommunikasjon.

– Vi har ikkje avdekt at dette er noko anna enn ein utruleg dårleg, teit og dum spøk, men vi har tatt beslag av noko datautstyr og etterforskar vidare for å vera heilt sikre på at det ikkje er noko alvorleg bak truslane, seier Skattum.

Eleven blei lauslatt frå arresten i Bergen laurdag, og skulen er blitt orientert om hendinga.