Direktør Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet tok måndag føremiddag båten frå Vaksdal til Ulvsnesøy for å informera dei tilsette om kva planar direktoratet har med fengselsdrifta på øya. Vel 40 personar jobbar på øya.

Tilbod om å kjøpa

Stiftinga Ulvsnesøy Skolehjem har gitt dagens leigetakar, Statsbygg, tilbod om å kjøpa øya for om lag sju millionar kroner, som skal vera marknadsverdien på eigedomen.

Fengselsdrifta på Ulvsnesøy blir lagt ned, fekk dei tilsette vita måndag føremiddag. Foto: Lars Sveinung Lid

Men, før eit kjøp kan bli aktuelt, må ein leigeavtale på plass med Kriminalomsorgsdirektoratet. Det ønskjer altså ikkje direktoratet, som legg ned drifta frå 1. juli 2019. Det er også i 2019 leigeavtalen går ut.

Direktør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen region vest har tidlegare opplyst til Bygdanytt at det er svært kostbart å driva eit fengsel på ei øy, ikkje minst fordi bygga på Ulvsnesøy treng oppgradering. Han har tidlegare rosa både øya og jobben til dei tilsette opp i skyene.

– Vi ser at dette er ein god stad for dei innsette å sona og bu, og dei tilsette gjer ein svært god jobb. Ulvsnesøy har vore ein bra stad for mange. Dei tilsette har openbart gjort noko rett, og staden er veldig rett for eit soningsforhold, sa Våge til Bygdanytt i 2016.

Gamle bygg

Hovudhuset er gammalt, og dei fleste av dei andre bygga der tilsette og innsette bur er også eldre. Nesten alle dei nyaste bygga er frå 1960-åra.

Statsbygg, som eig bygningsmassen, skal ha stipulert kostnaden med å rusta opp bygga til rundt 200 millionar kroner.

Bygdanytt har tidlegare fortald at både tilsette og innsette er urolege for framtida til lågtryggleiksfengselet, der det mellom anna var planar om å starta eit mikrobryggeri.

Kommunikasjonssjef Hege Njaa Aschim i Statsbygg opplyser til Bygdanytt at det ikkje er aktuelt å kjøpa eigedommen.

Overraska ordførar

Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll (Krf) er svært overraska over utviklinga saka har tatt.

– Her verkar det som direktoratet har tatt stilling til framtida for fengselet på Ulvsnesøy før utgreiingsarbeidet for den samla fengselsdrifta i region vest (konseptvalutgreiing – KVU) er avslutta. Det viktige politiske arbeidet har enno ikkje starta. Eg er svært kritisk til denne måten å gå fram på. Det er ei rekkje gode grunnar for å halda fram drifta på øya, og ikkje minst det særs gode rehabiliteringsarbeidet som blir gjort av dei tilsette, seier Skeidsvoll.

– Så siste ord er ikkje sagt i denne saka?

– Nei. Om ikkje det blir drift på same måte som i dag, kan øya vere godt eigna for eit spesialtilbod innan kriminalomsorga. Kvinnefengsel har vore nemnt av fleire, noko som det no ikkje blir lagt opp til å realitetsbehandla, seier Skeidsvoll.

– Færre fangar

Direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, Marianne Vollan, opplyser til Bygdanytt at det var tungt å gje dei tilsette beskjeden om nedlegginga, men ikkje minst at det var tungt for dei tilsette å få beskjeden.

– Men, dei tilsette vil få nye jobbar andre stader i Kriminalomsorgsdirektoratet, og vi kjem til å ivareta dei tilsette på beste måte, forsikrar Vollan.

– Kvifor legg de ned drifta?

– Fordi det er for kostnadskrevjande for oss å overta øya. Det vil kosta om lag 100 millionar kroner å setja bygga i stand, og dermed vil husleiga bli for høg. I tillegg har vi ikkje lenger soningskø, og dermed treng vi færre fengselsplassar.