Bygdanytt

  • Nytt
  • Kultur
  • Sport
  • Meining
  • K5
Meny Lukk

Nytt

  • Nytt
  • Kultur
  • Sport
  • Magasin
  • Meining
    • Synspunkt
    • Skriv innlegg
  • Lesarbilder
  • K5
K5
  • Tips oss
  • Kundesenter
  • Annonsering

Brannvesenet fryktar dei ikkje vil kunna redda folk i ny tunnel

Kristina Bøland
Oppdatert: 06.jun.2018 12:32
Publisert: 05.jun.2018 08:50
  • Brannsjef Leif Linde meiner beredskapstiltaka i den nye tunnelen mellom Arna og Bergen sentrum ikkje er god nok. FOTO: Mads René Trellevik

Brannsjefen ut med kraftig kritikk mot beredskapstiltaka i Ulrikstunnelen.

Søndag 29.april brann det i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum.

No slår brannvesenet i Bergen alarm om tunnelen og melder at 95 prosent av den nye Ulrikstunnelen vil vera utan skikkeleg beredskap.

Dei vil kunna hjelpa til ved brannar og ulukker berre 200 meter inn i den åtte kilometer tunnelen. Dette melder NRK som først omtalte saka.

Kritisk i brev

I eit brev til Bane Nor, som NRK har fått tilgang til, retter brannsjef Leif Linde hard kritikk mot beredskapstiltaka i tunnelen.

Startar gransking etter tunnelbrannen

Linde skriv at brannvesenet vil «mest sannsynlig ikke kunne ta seg frem til skadested for å bistå mennesker som har vært involvert i en hendelse».

«Effektiv redningsinnsats vil begrense seg til maksimalt 200 meter fra hydrant dersom det ikke tilrettelegges for transport av personell og materiell», skriv brannsjefen vidare i brevet, ifølge NRK.

Søndag 29.april brann det i den nye Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen sentrum.
Ronny Bertelsen

– Ikkje godt nok

Ifølgje Linde har ikkje Bane Nor planar for vassuttak inne i tunnelen, og heller ikkje lagt opp til ordningar som gjer at brannvesenet kan ta med seg tilstrekkelege mengder vatn inn.

Brannhydrantane er tenkt plassert på utsida av tunnelopningane.

Brann i den nye Ulrikstunnelen

Linde meiner dette ikkje er godt nok og at det heller ikkje følgjer forskriftene.

– På det lengste er avstanden over 3,5 kilometer frå tunnelopninga. Det er altfor langt. Anten må det vera vatn gjennom tunnelen, eller så må det vera tankvogn med nok mengder sløkkevatn, seier Linde til NRK.

Han seier at brannvesenet ser svært alvorleg på saka og vil forfølga den så langt som råd, dersom Bane Nor ikkje legg til rette slik dei ønskjer.

Vil ikkje kommentera

Bane Nor seier til NRK at dei av tryggleiksmessige grunnar ikkje vil kommentera kritikken eller beredskapsløysingane som er skisserte.

– Bane Nor jobbar med å klargjera kva tekniske krav som gjeld og ansvarsfordelinga mellom oss og Bergen kommune. Bergen brannvesen sitt brev er eit innspel til denne pågåande prosessen, og endeleg løysing er ikkje avklara, skriv kommunikasjonsrådgjevar for utbygginga, Ingvild Eikeland, i ein e-post til NRK.

Eikeland understrekar overfor Bygdanytt:

– Bana Nor vil gjerne presisera at når Ulriken tunnel står ferdig, vil den vera blant dei aller tryggaste i landet med til saman 16 rømningstunnelar (for kvar 500. meter) mellom dei to parallelle tunnelløpene. Tryggleiken til passasjerane er alltid førsteprioriteten vår, medan det materielle, som til dømes toga, kjem i andre rekkje.

Mads René Trellevik
widget-list
matrix-tags
Besøks-/postadresse:
Bygdanytt AS
Øyrane Torg
Ådnavegen 63
5260 Indre Arna

Ansvarlig redaktør:
Org.nr.: 88 90 30 372:
Fakturaadresse:
Bygdanytt AS
Pb. 8956
7439 Trondheim
mail (pdf): Invoice.8956@kollektor.no

Eirik Langeland Fjeld
Bygdanytt arbeider etter Ver varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk. Om nokon meiner seg utsett for urettvis omtale, oppfordrar vi først til å ta kontakt med redaksjonen. Ein kan også kontakta Pressa sitt faglege utval (PFU), som er eit klageorgan oppnemnd av Norsk Presseforbund. PFU behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. E-post:pfu@presse.no
Liker
RSS: Nytt Kultur Sport Meining
Personvernpolicy og informasjonskapsler (cookies)
Kontaktinformasjon:
Sentralbord: 55 53 57 70
Fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
TIPSTELEFON: 94 85 37 28