Hagebø (31) har halde på med skriving sidan ho var fem år gamal.

Den bokaktuelle ostringen er til vanleg lærar på Osterøy ungdomsskule, og skriv alle dikta sine på nynorsk.

No er ho aktuell med debutsamlinga si, «Hjarteord», på mikroforlaget Tegn.

– Eg har alltid likt å skrive. Etter kvart som eg vart lærar vart eg meir interessert i språk, og - ikkje minst - det å bevara nynorsken, fortel forfattar Ane Soldal Hagebø.

Ho kan avsløre at lærarane på skulen alltid har oppmoda henne om å skrive.

Inspirert av born

Sjølv om Hagebø alltid har vore svak for skriving, var det fyrst etter at ho fekk born at ho fekk utløp for det poetiske talentet sitt.

– Eg fekk godt med tid for meg sjølv i permisjon. Eg vart nok overvelda av alle dei kjenslene som oppstår når ein vert forelder. Så eg fekk orda ned på papir og delte litt på Facebook, fortel ho.

Ho meiner at ein kvar mor og far vil kunne relatere seg til innhaldet i boka.

Hagebø seier at ho brukar born som inspirasjon i samlinga.

For å ta eit døme: Då elevane hennar gjekk ut frå tiande trinn kjente ho seg tom - og ho valde då å skrive eit dikt om elevane.

– Vi gløymer å nytte fantasien

Hagebø meiner at i ein moderne og digital verd, så er det fort gjort at ein gløymer å draume seg litt vekk.

– Vi gløymer kanskje å nytte fantasien, med tanke på korleis det har vorte med sosiale medium. Eg vil bidra til at folk nyttar dei indre bileta, og ikkje berre får inntrykk via skjermen.

Læraren frå Revheim har alltid likt å lese mykje, og slik vaks óg sansen for poesien fram.

– Etter at eg vart vaksen fekk eg augo opp for poesien og symbolikken. Det er spennande å gje att sterke kjensler ved å bruke færrast mogleg ord, seier Revheim-poeten.

PS! Hagebø har óg planar om å gje ut ei ny samling neste år, som skal omfatte dikt om naturen.