Torsdag i førre veke tikka det inn ei melding til redaksjonen i Bygdanytt frå brannvesenet i Bergen om at det var ekstremt stor brannfare i heile området, og at all bruk av open eld utandørs var forbode.

Den meldinga viste seg ikkje å stemma, og informasjonsrådgjevar Silje Hatlestad i Bergen brannvesen har truleg funne svaret på kvifor meldinga blei sendt ut til eit ukjend tal personar i Bergen.

«Bug»

– Det var fleire i Bergen kommune som fekk denne meldinga, og det har også skjedd før at folk har fått ei varsling som ikkje gjeld det området der dei bur, seier Hatlestad.

Ho legg til at meldinga som blei sendt ut berre var merka med «Brannvesen», ikkje «Bergen brannvesen». Difor har det vore litt vanskeleg å finna ut kva som skjedde.

– Det er det vi får kalla ein «bug» i systemet?

– Ja, det verkar slik. Systemet er ikkje heilt perfekt enno. Når vi går ut med slike meldingar av meir alvorleg karakter, så varslar vi også om dette i dei andre kanalane vi bruker, mellom anna heimesida vår og vi sender pressemelding, forsikrar Hatlestad.

Bygdanytt publiserte ei nyheitssak på bakgrunn av den feilsendte meldinga, men denne blei etter få minutt fjerna frå nettsida så snart vi fekk avkrefta meldinga frå brannvesenet.