Noverande redaktør i Strilen, Stig Erik Elliott blir papirutgåvesjef i AS Lokalavisene, og skal dermed jobba både med Strilen og «søsteravisene» Bygdanytt i Arna, Askøyværingen på Askøy og Vestnytt på Sotra.

AS Lokalavisene eig alle dei fire avisene.

- Vi gjer endringa for å styrke det journalistiske arbeidet ute i avisene. Rolla som papirsjef for Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen og Vestnytt er perfekt for Stig. Han har gjort ein kjempejobb med Strilen, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i AS Lokalavisene, Terje Olsen.

- Han overlet eit produkt til Eirik Langeland Fjeld som har svært positiv utvikling på både opplags- og økonomisida, slår Olsen fast.

Positiv utvikling

Eirik Langeland Fjeld er i dag redaktør for Bygdanytt, og vil altså frå 15. mars ha redaktøransvaret både for Bygdanytt og Strilen.

- Eirik har gjort ein strålande jobb i Bygdanytt. Når vi no gjer organisasjonsendringar i Lokalavisene (Bygdanytt, Strilen, Askøyværingen og Vestnytt), var det naturleg at Eirik også tek over som redaktør for Strilen, seier Olsen.

Ansvarleg redaktør Terje Olsen i AS Lokalavisene.

Eirik Langeland Fjeld har tidlegare jobba 20 år i BA og Amedia-konsernet, og har dei tre åra har han vore redaktør i Bygdanytt.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på denne spanande oppgåva. Eg har fulgt Strilen sin framgong frå sidelina dei siste åra, og eg har for lengst tatt av meg hatten for jobben Stig og resten av redaksjonen har gjort, seier den nye redaktøren.

Godt tidspunkt

Det å ha ha vore med på å gjenerobra plassen som den største lokalavisa i Nordhordland er noko av det Elliott ser tilbake på med størst glede frå tida som redaktør.

Det gjer det òg lettare å overlata stafettpinnen til Langeland Fjeld.

I førre veke vart det kjend at Strilen har hatt ein opplagsauke på heile 418 eksemplar i 2017.

Den nye redaktøren vil naturleg nok ikkje komma med noko bombastisk programerklæring før han har begynt i den nye jobben. Likevel:

– Min jobb vert å føre vidare den gode utviklinga i Strilen. Nøkkelen er å lage ei avis som er relevant for innbyggjarar, verksemder og annonsørar i regionen. Framover vert det spesielt viktig å være gode i dei digitale kanalane våre, seier han.