Min vesle Cavalier King Charles Spaniel tassar bortover vegen. Han går mot grøfta, der han elskar å vere, men får ikkje lov denne helga. For no er det unntakstilstand. Det er ein sjukdom som tar livet av fleire hundar, og den spreiar seg fort.

– Rådet vi har mot smittsame sjukdommar er å isolere. Ha hunden i band og ha minst mogeleg kontakt med andre hundar, sa Veterinærinstituttet på ein pressekonferanse fredag kveld.

– Bruk sunn fornuft

Ein hund går forbi. Vi stopper opp. Den andre eigaren går i boge rundt oss. Eg er ikkje den einaste som synest denne situasjonen er kjedeleg. Hunden min er irritert no. Han vil på do. Han må jo få gjere frå seg. Kanskje er eg for hysterisk? Han dreg i bandet. Meir enn normalt.

– Det er viktig ikkje å bli for hysterisk, men ein treng jo ikkje å vere i hundeluftegardar i desse tider. Bruk sunn fornuft. Du treng heller ikkje å helse på alle hundar du møter på, seier vakthavande ved Smådyrklinikken i Bergen, Kathrine Greve.

Ho får støtte av veterinær på Osterøy Veterinærklinikk, Marlen Wallestad.

– Hunden må jo på do, men alt med måte. Det er viktig å vere føre var. Inntil vi får klare svar på kva som foregår, er det best å halde hunden unna dei mest utsette områda, som til dømes hundeparkar.

Wallestad synest det er skummelt at det er så mange døde hundar frå ulike stader i landet.

– Vi har, bank i bordet, ikkje hatt nokre tilfelle her endå. Vi har jo gjennom året tilfelle med oppkast og diaré, men ikkje som no. Dette er skremmande.

Behald litt av fôret

Dagleg leiar ved Myrbø dyreklinikk, Gisela Kruse erkjenner at det har vore auka press på alle veterinærkontor. Ho seier det beste rådet er å følgje med på råda frå Mattilsynet. Ho oppmodar samstundes hundeeigarar til å behalde ein liten bit av fôret.

– Sjølv om det er teorier rundt bakterie eller virus som verkar mest sannsynleg, ville eg lagt av ein bit av fôret for å vere på den sikre sida.

Kruse seier det er viktig at vi ikkje blir for hysteriske.

– Så lenge hunden din ikkje har diaré, kan du slappe av. Får den diaré eller oppkast, kan du se det an. Blir hunden fort dårleg, er det ikkje eit bra teikn. Då må du kontakte veterinær.

Fleire døde hundar

Til no er det minst 26 hundar på landsbasis som er stadfesta omkomne. Årsaka er framleis uklar, men obduksjonen av tre av dei døde hundane viser alvorleg tarmsjukdom.

Ein av dei døde hundane er frå Sogn & Fjordane. Nyleg stadfesta Veterinærinstituttet at det er snakk om døde hundar frå fleire stader i landet – mellom anna Bergen.

Eg slepp hunden inntil vegkanten. Endeleg i grøfta. Han snuser seg litt rundt før han gjer seg klar. Heilt normal og ikkje noko blod. Eg pustar letta ut.