Fredag starta med sludd og regn, og natt til laurdag blir det vått.

– Det vil kome nedbør også laurdag føremiddag, anten som regn eller sludd, seier meteorolog Marianne Skolem Andersen.

Og med kaldare dagar, kan du risikere nattefrost og vanskelege køyreforhold natt til laurdag og laurdag morgon enkelte stader.

– Mange stader er det berre ein plussgrad på laurdag. Du skal ikkje så veldig høgt opp før det kan bli nattefrost og nedbøren kan kome som regn eller sludd, åtvarar ho.

Kald måndag

Utover dagen betrar vêret seg heldigvis og sola kjem forhåpentlegvis fram, og på søndag ser det ut til at vi får ein flott dag.

– Ja, då blir det ganske fint. Du må kanskje rekne med minusgrader, i alle fall på natta, men søndagen ser ganske fin ut.

Måndag blir truleg ein kald dag, men gode moglegheiter for litt sol innimellom. Så kjem det ein nedbørsfront tysdag.

– Det vil framleis vere kaldt, så det er usikkert om det kjem som snø eller regn, fortel Andersen.

Prognosane for neste veke er førebels usikre, men ser ut til å stort sett vere prega av skyar og nedbør.