Frå venstre: Mathilde Johnsen, Stian Gunby og Thea Fanebust skal alle stemme for første gong i år. Alle er temmeleg sikre på kva setel dei vil putte i urna, og to av dei vil ha ei endring. Foto: Ingerid Jordal

Det blåser ein raud vind over ungdommen i Arna

Over 50 prosent av elevane ved Arna vgs stemte på eit sosialistisk parti i årets skuleval. – Mange stemmer nok raudt fordi det er på tide med noko anna, fortel Stian Gunby (18).