– Spesielt på nyttårsaftan vert det skikkeleg mildt. Det vil verta vått og grått, det vil regna ganske godt, seier Lars Andreas Selberg ved Vervarslinga på Vestlandet.

Kryssar fingrane for klar himmel

Det vil regne mest tidleg på dagen, og meteorologen ser ikkje vekk frå at det vil klara til i dei siste timane av året.

– Det er eit lite håp om opphald og god sikt når nyttårsrakettane skal skytast. Men det er veldig usikkert enno, plutseleg er det pissregn òg på kveldstid, seier Selberg.

– Ein får gjera det beste ut av det og heller sitja inne og kosa seg med god mat, legg han til.

Ny runde med nedbør

Temperaturane vil nå opp mot 8–9 gradar på nyttårsaftan.

Helga før festdagen er klassiske innedager i Arna og på Osterøy, med mykje nedbør.

– Det er lågt skydekke det kjem til å gå i dei neste dagane. Vi får litt opphaldsvêr tidleg på dagen i morgon, men så kjem det ein ny runde med nedbør på ettermiddagen, avsluttar meteorologen.