ULRIKKE BLIR MONTERT: Det tok tre månader å montera Ulrikke. Her går det unna på tre minutt. Foto: BaneNor

Den store dagen for alle som er opptatt av dobbeltspor-prosjektet kom 29. august, då tunnelboremaskina Ulrikke kom til syne på bysida av den nye tunnelen.

20 månader

Då hadde Ulrikke gnaga om lag sju kilometer med fjell i 20 månadar for å koma seg gjennom til Fløen. Bruken av ei tunnelboremaskin for å bygga jernbanetunnel var første gong dette blei gjort i Noreg.

Sjølv om det nye tunnelløpet er klart, vil det ta lang tid før NSB kan ta i bruk begge tunnelløpa. Det står att mykje arbeid i den nye tunnelen, som etter planen blir opna for trafikk i 2020.

Ferdig i 2024?

Då startar BaneNor med arbeida i den gamle tunnelen, og desse arbeida vil ta om lag eit par år. Då skulle etter planen også arbeida mellom Fløen og Bergen stasjon vera klare. Men, signalet i statsbudsjettet er at desse arbeida må planleggast på nytt til 105 millionar kroner, og dermed må truleg dei reisande venta til 2024 før det kan bli trafikk i begge tunnelløpa.

Når no BaneNor startar å demontera Ulrikke, vil det altså også ta om lag tre månader. I tillegg til demonteringa av sjølve tunnelboremaskina er det fleire installasjonar til maskina både i og utanfor tunnelen som skal fjernast.

Både transportbandet som blei brukt til å frakta steinmassane ut i dagen og ventilasjonen i tunnelen skal demonterast.