Aslaug Hagebø har deltatt på dei aller fleste valfestene på Smøyatun i Fotlandsvåg. Etter å ha ete lapskaus og spelt bingo, henta 97-åringen fram stemmesetelen. – Politikarane må ta meir omsyn til oss pensjonistar, kjem det lynkjapt frå Hagebø. Foto: Anders Totland

Aslaug (97) med klar tale til politikarane

Tradisjonen tru arrangerte dei frivillige eldsjelene valfest på Smøyatun i Fotlandsvåg. – Det viktigaste for meg er at politikarane ikkje stel frå oss eldre. Me er ein del av samfunnet, me og, seier Aslaug Hagebø.