Bane Nor fortel at dei no jobbar for fullt med å gjere ferdig dei 16 rømmingstunnelane mellom den gamle og den nye Ulriken tunnel.

Mellom anna skal det støypast veggar med dører mellom tunnelane.

I tillegg held dei på med å byggje tekniske rom, som skal innehalde signal- og teleutstyr.

Dette skjer på Arna stasjon

På Arna stasjon skjer det også mykje aktivitet.

Dei nye plattformene på sørsida av stasjonen held på å ta form. Mellom anna skal det bli nytta granittheller til det nye dekket.

Bane Nor held også på med å fullføre publikumstilkomsten, plattformer og støyskjerming på sørsida av stasjonen.

Dei overbygde rampane med sidevegger av glas og trappeamfiet nærmar seg ferdige.

Bygdanytt har tidlegare omtalt korleis nye Arna stasjon kjem til å bli sjåande ut. Sjå skissene og les saka her!

Busstasjonen

Som tidlegare nemnt vil buss-stasjonen i Indre Arna bli opna 1. oktober.

Den midlertidige busstasjonen vil i tida framover bli nytta til buss for tog.