Klokka 14.50 kolliderte ein rutebuss og ein personbil ved Espelandshallen. Alle naudetatar rykka ut, og dei kunne raskt avklara at ingen sat fastklemt og at det berre skal vera snakk om lettere skadar.

Fire passasjerar er sendt til legevakt, medan den kvinnelege sjåføren av personbilen blei sendt til traumemottaket ved Haukeland universitetssjukehus for å bli undersøkt.

20 i bussen

Vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen opplyser til Bygdanytt at det var om lag 20 i bussen, og at brannvesenet rykka ut frå tre stasjonar.

– Både Arna, Åsane og Fana rykka ut med tanke på talet på born i bussen, og fordi vi ønskte å vera på begge sider av ulukkesstaden, seier Villanger.

Køane skal ved 16.20-tida vera i ferd med å løysa seg opp forbi ulukkkesstaden.

Cathrin Grønland (25) opplyser at ei jente landa med armane i fanget hennar. Foto: Mads René Trellevik

Bygdanytt prata kort tid etter ulukka med Cathrin Grønland (25), som var passasjer i bussen.

– Bussen bråstoppa og jenta som sat vis a vis meg flaug rett i armane mine, seier Grønland, som presiserer at ho ikkje blei skada i ulukka.

Tatt blodprøve

Politiet sin operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen opplyser til Bygdanytt at dei har mistanke om køyring i rusa tilstand.

– Vitne har fortald politiet at personbilen kom over i feil køyrfelt, og vi har difor mistanke om køyring i rusa tilstand. Av den grunn er det tatt blodprøve av kvinna, opplyser Dahl-Mikkelsen.

Klokka 19.20 opplyser sjukehuset at kvinna, som er i midten av 50-åra, er lettare skada.

Trafikkulukka førte til lange køar på Hardangervegen. Foto: Mads René Trellevik