Klokka 0231 natt til onsdag fekk nødetatene melding om brann i Langerekkja i Indre Arna.

– Brannvesenet har konstatert at det ikkje var personar inne, opplyser Vest politidistrikt.

Ein tipsar opplyser at det var to brannbilar og ei rekkje BKK-arbeidarar på staden.

Rundt klokka 0330 blei brannen sløkt, fortel 110-sentralen i Hordaland.

Kjenner ikkje årsaka

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt opplyser at politiet ikkje kan seia noko førebels om brannårsaka.

– Ei strømline skal ha falle ned på hytta, men vi kan ikkje seia noko om dette er brannårsaka. Det kan ha skjedd som følgje av brannen. Politiet har sperra av området og har oppretta sak, opplyser Magnussen, som legg til at det ikkje var fare for at brannen skulle spreia seg til andre bygg i området.

Full fyr

Vaktkommandør Arne Corneliussen ved 110-sentralen opplyser til Bygdanytt at første brannbil var på plass om lag ti minutt etter at dei fekk melding om brannen, og siste bil returnerte klokka 07.23.

– Mannskapa på den bilen har nok halde på med ettersløkking nokre timar. Då vi kom fram var det full fyr i eit tilbygg til hovudbygget. Tilbygget er totalskadd, medan det er uvisst om hovudbygget har fått så store skadar at også dette er totalskadd, opplyser Corneliussen.