Det har skjedd mykje i kulissane etter at Kriminalomsorgsdirektoratet vedtok å legga ned Ulvsnesøy som fengsel. Opposisjonen på Stortinget meiner regjeringa ikkje bør legga ned dette unike soningstilbod på Vestlandet.

Sp og SV håpte Ap og KrF ville stilla seg bak deira forslag, men Skeidsvoll kunne seinare fortelja at dei to partia ville trekka forslaget sitt og støtta forslaget som Krf la fram i Stortinget torsdag ettermiddag. Dette forslaget støtta også Ap og Raudt.

– Det har vore hektisk det siste døgeret med å finna fram til eit forslag som vil få fleirtal på Stortinget. Eg har sjølv vore med å utforma deler av tekstene som fekk fleirtal, og det er akkurat dette vi håpa å få til, seier Skeidsvoll.

Med i KVU

Og det som blei vedtatt var at regjeringa ikkje legg ned soningstilbodet på Ulvsnesøy før Stortinget har fått full oversikt over konsekvensane av ei eventuell vidareføring av fengselsdrifta mellom anna på Ulvsnesøy.

– I tillegg fekk vi med ei setning om at soningstilbodet på Ulvsnesøy skal med i utgreiingsarbeidet for den samla fengselsdrifta i region vest (konseptvalutgreiing – KVU). Og dette er heilt i tråd med det mange har tatt til orde for i denne saka, seier Skeidsvoll.

– Men, fengseldrifta er ikkje redda med dette vedtaket?

– Nei, men dette var det beste vedtaket vi kunne få til i denne omgang. No får vi konsekvensane av ei nedlegging på bordet, og det er svært viktig, seier Skeidsvoll.

Osterøy-ordføraren rosar innsatsen til mellom anna byrådet i Bergen, Vaksdal kommune, regionrådet for Nordhordland, fleirtalet i fylkestinget og opposisjonen på Stortinget for innsatsen deira for å redda soningstilbodet på Ulvsnesøy.

Rosar Skeidsvoll

Også stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) er glad for at dei kom fram til eit godt forslag til vedtak.

– Audun Lysbakken, Knut Arild Hareide, Ruth Grung og meg sjølv har jobba saman sidan januar for å prøva å få til eit fleirtal for å redda fengselstilbodet. Også ordføraren på Osterøy har vi hatt tett kontakt med. Vi har jobba for at ein i alle fall ikkje gjer noko vedtak før konsekvensutgreiinga er levert. Det har vi endeleg klart å få til. Eg er veldig glad for dette, og her har verkeleg Hordalandsbenken – i alle fall opposisjonen – gjort jobben. Eg vil også retta ein takk til ordføraren på Osterøy, som har vore svært konstruktiv i denne saka, seier Toppe.

Saka kjem opp som sak 10. Dette er eit representantforslag som handlar om å avvikla leige av fengselsplassar i utlandet.