Årsaka til at kommunen innfører restriksjonar på bruken av vatn heng saman med den langvarige tørken. Og i tida framover er det lite som tyder på at det vil koma særleg mykje nedbør.

Forbodet inneber at ein ikkje kan fylla opp badebasseng med vatn og ein kan heller ikkje finna fram vasspreiaren for å vatna plenen.

Denne meldinga er gått til svært mange som får vatnet sitt frå eit kommunalt vassverk. Foto: Skjermdump

Kommunen skriv i ei melding til dei som er tilknytt kommunalt vatn i desse områda at ein har lov å vatna plantane sine, men då med ei vasskanne.

Forbodet gjeld til kommunen har sendt melding om at forbodet er oppheva.