• Fekk du ikkje med deg direktesendinga? Ingen grunn til uro - du kan framleis sjå den her! Frå cirka 1 time og 20 minutt ut i senda byrjar du å sjå Ulrikke.

Etter 20 månadar i arbeid har Ulrikke tysdag gnaga seg gjennom fjellet mellom Arna og Fløen.

Like før klokka 1300 tysdag kunne ein sjå heile Ulrikke i sin glans, medan ho gnagde ut dei aller siste bitane frå fjellveggen.

– Det er litt av ein jobb som er blitt gjennomført, sa Ketil Solvik-Olsen frå talarstolen etter at Ulrikke hadde klart å tygge seg gjennom siste rest av fjellveggen.

TALE: Ketil Solvik-Olsen var ein av dei som gjekk på talarstolen etter at Ulrikke hadde gnaga seg gjennom. Foto: Mads René Trellevik

Frå talarstolen fortalde han om korleis dei første grepa blei sett i gong 30. august 2014. Tre år seinare, er altså Ulrikke allereie kome gjennom.

– Vi er langt ifrå ferdige, men dette er den største og viktige delen for å få jernbane med dobbeltspor.

Solvik-Olsen viste også til viktigheita av å knyte saman Vestlandet med Austlandet, så vel som Bergen med Arna.

OPNING: Her kjem Ulrikke ut Ulriken. Foto: Mads René Trellevik

Historisk dag

– Dette er ein historisk dag, fortel Anna Elisa Tryti (Ap), byråd for byutvikling.

Ho samanliknar tunnelopninga med opninga av første Ulriken tunnel og Bergensbanen, og at det på sikt vil korte ned reisetida med tog til Oslo betydeleg.

Tryti fortel til Bygdanytt at når den nye Ulrikstunnelen opnar, vil det gi stor effekt på stasjonsområde som Arna, Trengereid og Vaksdal.

Ho arbeidar i desse dagar med områdeplanar, deriblant for Indre Arna, der samferdselsutviklinga er ei viktig brikke.

Stort og langsiktig

Nils T. Bjørke (Sp) er leiar for miljø og samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune. Han meiner, i likskap med Tryti, at det er viktig å tenkje stort og langsiktig.

F.v. Anna Elisa Tryti (Ap) og Nils T. Bjørke (Sp). Tryti er gudmor for tunnelboremaskina Ulrikke. Foto: Mads René Trellevik

– Det er ekstremt viktig at ein byrjar samtidig på utbygginga av veg og bane mot Voss, seier han til Bygdanytt.

Han trur det vil gi innbyggjarane forutsigbarheit, med tanke på utviklinga av områder rundt Bergen.

Den nye tunnelen gjennom Ulriken er den første jernbanetunnelen i landet som er bora med tunnelboremaskin (TBM). Entreprenør i prosjektet er JV Skanska Strabag.

Kosta 3 milliardar meir

Prislappen på prosjektet er på rett under 7 milliardar kroner - 3 mrd meir enn det skulle kosta. Berre tunnelen vil kosta langt over 4 mrd.

Lengda på tunnelen er 7688 meter, der 6896 meter blir bora med TBM. Totalt tilsvarer mengda med stein 58.000 lastebillass, noko som er nok til å laga ein haug på grasmatta på Brann stadion som er 1357 meter høg.

Ulrikke har jobba i litt under 4000 timar totalt og har i snitt bora om lag 1,8 meter i timen.

OPNING: Ketil Solvik-Olsen på opninga. Foto: Mads René Trellevik

For å sikra berget i tunnelen er det installert om lag 9300 boltar.

Opnar i 2020

Den nye tunnelen blir først opna for trafikk i 2020. Men, når den nye tunnelen opnar, blir den gamle tunnelen stengt for å bli rehabiliter. Det vil ta om lag eitt år, slik at først i 2021 blir det to opne spor mellom Arna og Bergen.

Arna stasjon skal også oppgraderast. Det skjer i to omgangar i perioden 2017-2021.

Sjølve borhovudet har ein diameter på vel ni meter og veg 223 tonn. Totalvekta, inkludert bakrigg er 1800 tonn og totallengda er 155 meter. Rotasjonsfarta er 6,4 rotasjoner i minuttet.

Samla har maskina 12 elektriske motorar som kvar er på 350 kw.

Bygdanytt sender direkte fra åpningen i dag. Foto: Ronny Bertelsen
ÅPNING: Det er stor markering av åpningen av tunnelen. Foto: Mads René Trellevik
HER KJEM HO: Ulrikke er på god veg ut av fjellet. Biletet blei tatt like før klokka 12.30. Foto: Mads René Trellevik