– Det blir skikkeleg haustvêr, dagane blir prega av lågtrykk og nedbør gjennom heile veka, opplyser meteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt.

– Det vil bli nedbør kvar dag. Det kan bli 30–40 millimeter kvar dag, men det er jo ikkje uvanleg med desse mengdene.

Fint vêr i nokre timar

Måndag er det meldt samanhengande nedbør kveld og natt, men Berge fortel at arnabuarane og ostringane kan få nokre timar med sol og varme på tysdag.

– Man kan vera heldig tysdag, for midt på dagen blir det sol og det kan bli nesten 20 gradar. Dette lyspunktet varer i nokre timar, før regnet er tilbake, seier Berge då Bygdanytt snakkar med ho måndag morgon.

Vindfull onsdag

Tysdag kveld vil det skya seg til igjen, og på onsdag kan Vestlandet få årets første hauststorm.

– Det blir ein del vind onsdag kveld og natt til torsdag. På kysten i Hordaland kan det bli sterk kuling og liten storm, fortel meteorologen og held fram:

– Det blir nokon vindkast. Det er vanskeleg å seia kva for ein styrke vinden får, men det er nok lurt å sikra lause ting i hagen, som til dømes trampoline.

Regnet har herja på Vestlandet den siste tida og i førre veke var det meldt 200 millimeter nedbør.

Etter 8. september har ikkje målestasjonen på Gullfjellet vore i drift, men meteorologen veit ikkje om det er dei kraftige nedbørmengdene som er årsaka til dette.