Statens vegvesen og Bane Nor skal saman lage ein statleg reguleringsplan for Vossebanen og E16 mellom Arna og Stanghelle. Frå 27. April til 6. Juli blir planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn.

– Då blir det mogleg å gi ei høyringsuttale til planprogrammet, fortel prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

I forbindelse med planarbeidet blir det invitert til informasjonsmøte om K5. Det skjer i Ljoshall i Arna 14. mai klokka 19.00, i Trengereid forsamlingslokale 15. mai klokka 19.00, i samfunnssalen i Vaksdal senter 23. mai klokka 19.00 og på Stanghelle skule 24. mai klokka 19.00.

– Her kan ein få informasjon om sjølve planarbeidet, om kor langt vi har kome og kva vegalternativ vi jobbar vidare med. Det blir også moglegheiter til å stille spørsmål og det er ein grei måte å få informasjon, meiner Søderholm.

Les meir om K5:

På informasjonsmøta kjem prosjektgruppa, som består av tilsette i Statens vegvesen og Bane Nor.

Det som allereie er kjent, er at det tilrådde alternativet er ny firefeltsveg frå Asko i Arna til Trengereid. Vidare blir det tofeltsveg til Helle, som ligg like nord for Stanghelle. Jernbanen skal gå med dobbeltspor frå Arna stasjon til Vaksdal og så vidare til Stanghelle.

Planprogrammet blir tilgjengeleg på Innbyggerservice i Bergen kommune, rådhuset på Osterøy, biblioteket i Vaksdal, Coop-butikken på Stanghelle og hos Statens vegvesen sine lokale i Nygårdsgaten. Ein kan også finne informasjon her.