NRK skal kåre Noregs verste veg. Blant dei ti nominerte, finn ein E16 Bergen-Voss.

– Når alarmen går og ein får vite at det er ei ulukke på E16, får ein ei vond kjensle. Eg har hatt mange grufulle opplevingar der, seier David Skjerven, brannsjef i Voss kommune, til NRK.

Frå 2007 til 2017 har det vore 153 ulykker med personskader på E16 mellom Indre Arna og Voss.

Dei siste fem åra har det derimot vore 57 ulykker på strekninga, ein nedgang på 37,2 prosent samanlikna med dei fem tidligare åra.

Les også:

«Vegen er ein nasjonal hovudveg som bind saman våre to største byar. Omkøyringsmogelegheitene er svært dårlege, særleg for nyttetrafikken, og vegen er svært rasutsett. Juryen vil karakterisere den som livsfarleg og som ein av dei vegane som snarast bør erstattast med ein ny og sikker veg. Tusenvis av folk køyrer med hjartet i halsen kvar einaste dag, vel vitande om vegens fryktelege ulukkesstatistikk», skriv juryen om kvifor E16 er nominert.