Dei store snømengdene i fjellet og på Austlandet måndag og tysdag førte til konsekvensar også for togtrafikken her vest. NSB opplyste om at berre eitt av fire tog mellom Bergen og Myrdal er i rute tysdag ettermiddag. Også regiontoga frå Oslo var forseinka.

- Det er ikkje snakk om veldig store forseinkingar, men det er mange av dei, sa pressevakt i NSB, Håkon Myhre.