Bygdanytt

  • Nytt
  • Kultur
  • Sport
  • Meining
  • K5
Meny Lukk

Nytt

  • Nytt
  • Kultur
  • Sport
  • Magasin
  • Meining
    • Synspunkt
    • Skriv innlegg
  • Lesarbilder
  • K5
K5
  • Tips oss
  • Kundesenter
  • Annonsering

Så lenge trur vegsjefen at du må vente på ny E16

Siv Berg Lutro
Oppdatert: 18.jun.2018 09:56
Publisert: 18.jun.2018 09:54
  • Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen har trua på at arbeidet med ny E16 er i gong i 2022. FOTO: Mads René Trellevik/Bygdanytt-arkiv

Framdrifta til ny E16 er avhengig av når pengane kjem og kor mykje midlar det er snakk om.

6. juli går fristen ut for å kome med innspel til planprogrammet til K5, ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle

Når arbeidet startar opp er framleis ikkje heilt sikkert. K5 ligg i andre del av Nasjonal transportplan (NTP), der vegen er 100 prosent finansiert, medan jernbanen er 80 prosent fullfinansiert.

  • Les alt om K5 her!

Slutten av 2020-talet

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen fortel til Bergen Næringsråd at han har trua på at arbeidet med ny E16 er i gong i 2022.

Fakta: Ny E16

Fire felt i to tunnelar frå Arna ved Asko til Trengereid.

På Trengereid vert det nytt kryss der dagens rundkøyring med fylkesveg 7 ligg.

Vidare går E16 i ein tunnel med to-vegs trafikk til Vaksdal. Der vert det ei kort dagsone som ligg sentralt i Vaksdal og kryss med ramper i fjell.

I Vaksdal skal det òg utgreiast eit alternativ der vegen går i dagsone i Tolåsen.

Frå Vaksdal går ny E16 i tunnel til Helle, der han koplar seg til dagens veg.

Ei 100 år gamal gruve i fjellet bak Trengereid ligg der ny E16 er planlagt. I verste fall kan det bety at traseane må bli flytta.

Fleire hus i Arna ligg utsett til når den nye vegen skal byggjast.

– Det vil nok gå 5-6 år å byggja dette omfattande prosjektet. Vi burde kunne vera ferdig med Arna-Stanghelle på slutten av 2020-talet, seier han til Bergen Næringsråd sitt magasin Samspill.

– Det er storleiken på midlar og når midlane kjem som avgjer framtida, legg han til.

  • Les også: Bybanen gjer at arnabuarar må vente endå lenger på dobbeltsporet

Nyleg blei E16 Bergen-Voss kåra til Noregs verste veg av NRK. - Eit klart signal, svarte Laila Himle i aksjonsgruppa Ny E16 Bergen-Voss No.

Få også med deg desse sakene:

  • Brannvesenet fryktar dei ikkje vil kunna redda folk i ny tunnel
  • Radar på Osterøy skal varsle om skred på E16 i Vaksdal
  • Tidlegare stortingspolitikar tek over som dagleg leiar for Forum Nye Bergensbanen
  • Ny sjef for banedelen fra Arna til Stanghelle

Fakta: Jernbanen

Skal gå frå Arna stasjon, i tunnel (ca. 19 km) direkte til ny stasjon på Vaksdal.

Vidare går jernbane i tunnel (ca 8 km) frå Vaksdal til ny stasjon på Stanghelle, og koplar seg på dagens jernbane.

Det blir nye stasjonsplasseringar på Vaksdal og Stanghelle. Stasjonen som no er på Trengereid, er ikkje med i planprogrammet som er ute på høyring.

Innbyggjarar på Trengereid er rasande over at stasjonen deira kan forsvinne, og varslar no kamp for bygda si.

Trur dette lover godt for Indre Arna

Store mengder overskotsmassar

Ny veg og bane vil gje store mengder overskotsmassar. Som Bygdanytt tidlegare har omtalt, blir Veafjorden og Sørfjorden peika på som moglege stader for sjødeponi.

Statens vegvesen ønskjer også å bruke noko av massane til å fylle ut Grimesvingane. Då dei annonserte planane forventa Vegvesenet jubel, men slik gjekk det ikkje.

Fridas hus ligg rett ved planlagd trasé: - Det er inga god kjensle vi har hatt
widget-list
matrix-tags
Besøks-/postadresse:
Bygdanytt AS
Øyrane Torg
Ådnavegen 63
5260 Indre Arna

Ansvarlig redaktør:
Org.nr.: 88 90 30 372:
Fakturaadresse:
Bygdanytt AS
Pb. 8956
7439 Trondheim
mail (pdf): Invoice.8956@kollektor.no

Eirik Langeland Fjeld
Bygdanytt arbeider etter Ver varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk. Om nokon meiner seg utsett for urettvis omtale, oppfordrar vi først til å ta kontakt med redaksjonen. Ein kan også kontakta Pressa sitt faglege utval (PFU), som er eit klageorgan oppnemnd av Norsk Presseforbund. PFU behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. E-post:pfu@presse.no
Liker
RSS: Nytt Kultur Sport Meining
Personvernpolicy og informasjonskapsler (cookies)
Kontaktinformasjon:
Sentralbord: 55 53 57 70
Fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
TIPSTELEFON: 94 85 37 28