6. juli går fristen ut for å kome med innspel til planprogrammet til K5, ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle

Når arbeidet startar opp er framleis ikkje heilt sikkert. K5 ligg i andre del av Nasjonal transportplan (NTP), der vegen er 100 prosent finansiert, medan jernbanen er 80 prosent fullfinansiert.

Slutten av 2020-talet

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen fortel til Bergen Næringsråd at han har trua på at arbeidet med ny E16 er i gong i 2022.

– Det vil nok gå 5-6 år å byggja dette omfattande prosjektet. Vi burde kunne vera ferdig med Arna-Stanghelle på slutten av 2020-talet, seier han til Bergen Næringsråd sitt magasin Samspill.

– Det er storleiken på midlar og når midlane kjem som avgjer framtida, legg han til.

Nyleg blei E16 Bergen-Voss kåra til Noregs verste veg av NRK. - Eit klart signal, svarte Laila Himle i aksjonsgruppa Ny E16 Bergen-Voss No.

Få også med deg desse sakene:

Store mengder overskotsmassar

Ny veg og bane vil gje store mengder overskotsmassar. Som Bygdanytt tidlegare har omtalt, blir Veafjorden og Sørfjorden peika på som moglege stader for sjødeponi.

Statens vegvesen ønskjer også å bruke noko av massane til å fylle ut Grimesvingane. Då dei annonserte planane forventa Vegvesenet jubel, men slik gjekk det ikkje.